Prestevikar for Valderøya, Gunnhild Bremer

Prestestudent Gunnhild Bremer vil frå juni 2021 vere prestevikar i 50 % stilling i Soknepreststillinga i Valderøya sokn. Ho skal ha gudstenester og gravferder, samt sitje i Soknerådet på Valderøya.

Prestevikar for Valderøya, Gunnhild Bremer

Gunnhild Roaldsnes Bremer (42) er vokst opp på Valderøya, gift med Nate og har tre born. Ho er veldig fornøgd med å bu på Valderøya, og går så ofte ho kan ein tur i fjøra eller på fjellet. Ho er elles nysgjerrig på andre kulturar, og liker å prøve ut nye matretter. Favorittboka er bibelen. Favorittfortellinga i bibelen er historia om Sonen som kom heim. Slik faren tok imot sonen, tek Jesus imot oss og opnar vegen heim til Gud for oss.
Bachelor- og Masterstudier i fagfelta kristendom, bibelfag og lingvistikk (språk), starta ho ved Høgskulen i Volda, men fortsette ved ulike college i Cape Town, Texas og Vancouver.
Tidligare jobba ho og Nate i til saman 6 år i Etiopia med morsmålsundervisning i skulen, og seinare med muntleg bibeloversetting til eit lokalt språk.
Ho ser fram til å ta fatt på prestetenesta her på Valderøya medan ho gjer ferdig den praktisk-teologiske delen av presteutdanninga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"